Monday, November 9, 2009

14.Oktober; Elefantbarneheim og Giraffkyss



TEKST KJEM SEINARE.




















































video

video
video

video

video

video

video

13.Oktober; Avreise mot Kenya


Tirsdagen gjekk for det meste ut på å reise frå London til Kenya. På flyet hadde me kvar sin videoskjerm på stolen framfor oss, der me sjølv kunne velje mellom mange filmar,seriar og spel. Eg såg Hangover, The Proposal, Friends. I tillegg sov eg ein liten smule. Turen varte i 8 timar, men føltes mykje mindre. Det er kos å fly. Når vi kom fram til Kenya måtte me ordna med visum, så bar det avgårde i minibussane våre mot den norske skulen me skulle sove på. Langs vegen til skulen såg me både zebra og menn med gevær som gjekk og vandra langs vegen; altså merka me fort at me ikkje var i Noreg lenger. Trafikken var brutal og lite aktsom, og me køyrde forbi hvertfall ein nyleg krasja bil på vegen. Me la oss raskt etter me ankom skulen,klare for vår første dag i fantastiske KENYA!








Mange trøyte tryner





Flyplassen i Nairobi. Der hadde alle vaktane gevær.



Bussekos

Min Nairobi-Roomie; BRITA:D Før me la oss sang me sangen om Lofottorsken. Eg hadde den faktisk på iPoden min.
Eg vakna på natta av at Brita skreik at eg måtte ta på lyset fordi det sto ein mann i hjørnet av rommet. Sjølvsagt sto det ingen der, det var berre Malariatablettane som gav litt biverknadar, men morosamt var det hvertfall.

Sunday, November 8, 2009

På flukt


Nå har eg vore eit døgn på opplegget til Røde Kors; På Flukt. Det var slitsomt, men eg hadde trudd det skulle bli enda verre.

Me var delte inn i fleire familiar, som alle skulle flykte frå Somalia til Noreg. Først vart me sendt bort på fotballplassen der me fekk beskjed om å byggje opp ein landsby, og at me skulle overnatte der. Me gjorde som me fekk beskjed om og bygde eit bra vann- og vindtett lite hus som hadde gitt oss ly for natta. Gutane i familien gjekk til og med rundt og solgte steinar og slikt for å tjene inn igjen det vi måtte betale for presenningen. Akkurat då huset vårt byrja å komme i god nok standard, og me byrja å pakke ut av sekkane våre , kunne me høyre brøling komme nærare og nærare. Det var millitæret, og dei jaga oss ut. Eg hadde store problem med å få tak i tinga mine, og kom bort ifrå familien min ei lita stund. Eg klarte etter ei stund å kave meg vekk frå millitæret og tilbake til familien min.

Vidare bar det avgårde på ein ganske lang gåtur rundt omkring og att og fram. Etter ei stund venda me tilbake til skulen igjen,der me måtte stå i ein evighet i kø ute i kulda før me fekk sleppe inn. Vel inne låg det evig mykje papirarbeid som venta på oss, og mykje venting. Etter papirarbeidet var over skulle me inn til ransaking, der ALT vart ransaka! Alt i sekken vart sjekka, soveposane opna, og me vart til og med sjekka om me smugla med oss noko i BH-ane våre. Etter ransakinga vart vi teken som gissel og måtte sitte på kne med henda over hovudet medan vaktene gjekk rundt og kjefta. Alarmen gjekk etter ei stund, så då fekk me sjansen til å flukte avgarde, og det gjorde me også.

Ute på flukt igjen gjekk me ganske langt og "kryssa" mange landegrenser. Etter ei god stund med gåing kom me fram til grensa til Yemen, der millitæret sto klar. Dette var den desidert verste delen av rollespelet. Me måtte stille oss opp på ei rekkje, og blei beordra til å ta x anntal push-ups. I tillegg måtte me legge oss ned på bakken og hoppe opp igjen om og om igjen, OG løfte sekkane våre fra bakken til over hovudet igjen og igjen. Dette var utruleg tungt, men heldigvis fekk vår gruppe sleppe unna ganske tidleg og fekk komme i sikkerheit hos Røde Kors Campen.

På Campen fekk me utlevert ein presenning som me kunne leggja oss på. Me fekk også "medisin" ( soyaolje og knott) og 35 gram ris kvar. Dette var all maten me hadde på heile døgnet. Her sa dei at me var trygge, og at me kunne leggja oss til å sove. Eg trudde lite på at dette var slutten, og at me skulle få sove i fred resten av natta, men pakka ut soveposen og liggjeunderlaget likevel. Etter omtrent 30 minuttar kom Røde Kors folka tilbake skrikande om at me måtte forte oss å pakke sakene våre, for dei hadde fått inn ein bombetrussel. Så då bar det av stad igjen.

Når me gjekk gjennom skogen kom det plutseleg hoppande ut millitærfolk som skulle ta oss, og me måtte springa så fort me kunne. Me klarte å springe ifrå dei, og landa ute på hovudvegen. Springinga stoppa ikkje der, for der måtte me springe for livet kvart femte minutt for å ikkje bli teken av millitærbilane som køyrde att og fram for å speide etter oss.

Etter mykje springing fekk me byrje å gå vanleg igjen, og vegleiaren skreik stadig ut kva for eit land me passerte. Til slutt landa me endeleg i Noreg, der me måtte stå i ein evig lang kø for å komme inn for å søke asyl. Det byrja å bli ganske så kaldt å stå ute i vinden på natta etter å ha svetta mykje. Til slutt kom me oss inn. Me måtte gjennom ein del intervju før me fekk komme inn i gymsalen og leggje oss.

Etter kun ei lita stund med søvn, vart me vekka igjen av vaktane; det var på tide med fleire intervju. Me blei tatt med inn i eit klasserom der me måtte forklare lange historiar om kvifor me flykta, og kvifor akkurat me skulle få opphaldstillatelse i landet. Etter omtrent ein halvtime inne på det kalde klasserommet fekk me endeleg gå tilbake til soveposen.

Nokre få timar seinare måtte me opp igjen for å få vita om me fekk bli i Noreg eller ikkje. Det viste seg at kun Torstein hadde fått tillatelse, og at alle me andre måtte ut på ein ny gåtur. Dette var me absolutt ikkje klar for, og me var ganske snurtne der me byrja å gå. Heldigvis stoppa leiaren oss etter kun 5-10 minutt og sa at no var spelet over og at me hadde fullført.

SÅ FEKK ME FRUKOST! RUNDSTYKKE! Første måltid på eit døgn, det var herleg.

Heile spelet gjekk føre seg på engelsk, så me fekk ikkje prate norsk. Eg var Falice Ahmed, ei ugift dotter, og hadde i byrjinga av spelet ikkje lov til å seie så mykje. Til saman gjekk me omtrent 2 mil. Dei frå Røde Kors som var med oss var dønn seriøse og spelte spelet fullt ut, så me fekk verkeleg kjenne på kroppen korleis det er å ikkje bli respektert og behandla som søppel. Ei lærerik oppleving!



Ein tankevekkande sang me fekk høyre etter me hadde fullført.

Elevkveld med Global Village!


På Torsdag hadde Global Village ein heidundrandes elevkveld med mykje artig. Her er litt bileter:



Opningsdansen







Masaidans til Jambosang

Kenyaturen på 5 min







Eg og Stine fortalte om slummen og inntrykka me fekk.

Snorkeldansen















.

Tuesday, November 3, 2009

Halloween på Solborg


Halloween på Solborg.
Eg og Martine gjekk kledd som emoar.






















Monday, October 26, 2009

.


Meg og søte Joy

Eg skal laga eit eige blogginnlegg for kvar dag som har gått i Kenya. Det kjem sikkert til å ta litt tid før det er gjort ferdig, men det kjem etter kvart:)

12.Oktober: London

Grytidleg på mandag ankom eg Oslo etter ei natt på toget. Innsjekkinga vår skulle ikkje starte før klokka 10, så me som venta brukte tida på å spele president. Det var utruleg kjekt å treffe på alle igjen, etter ein laaang høstferie.

Vel framme i London tok me "Undergrounden" til hostellet der me skulle sove. Me fekk frie tøylar resten av kvelden, og fekk velje sjølv kva me ville gjere. Eg,Helle,Martine,M-J og Anders tok først turen på ein random Londonbuss, og landa utanfor ein Pizza Hut. Då greip me moglegheiten til inntak av mat, og blei servert god pizza av ein handsome servitør. Etter maten plukka me opp Miss Børmark, og etter mykje om og men fann me ut at me skulle sjå musikalen We Will Rock You. Det blei ei vellykka oppleving, M-J fekk til og med krasja inn i ein random britisk dude(noko ein kan sjå klipp av i tidlegare innlegg).


Nokre bileter

Ventande menneske på Heathrow

Se ka ho Helle fant!

Eg og Helle vart skikkeleg fascinert over fontena, ein slik vil eg også ha.


Martine inntek siste dose norsk brunost.

Underground.



Litt meir venting.

På Pizza Hut.


M-J i kjend latterstil.

På We Will Rock You




video
Redningsaksjon
video

video

video

video

video
Stemning.