Tuesday, March 1, 2011

Kontraktsrett vs. VM

vs.

Sliten etter alt eksamenskavet trakka eg opp til skulen på mandag i god tru om at eg kunne ta meg ein velfortjent fridag når klokka blei 12.00. Eg var mentalt forberedt på at sidan det var nytt fag på tapetet skulle eg ha dobbeltime med kontraktsrett, og tenkte at fire timar i strekk; det kan eg klare.

Det viste seg at ting var ikkje slik eg trudde dei skulle vere. Klokka ti byrja folk å pakke sakene sine og bevegde seg mot lesesalane. Eg hadde, som ganske mange gangar før, gløymt å studere planen nøye nok. Skuledagen skulle ikkje vere ferdig klokka 12.00, men 15.00! Dette satte jo ein stopper for alle planane eg hadde gjort for dagen.

Likevel gjekk dagen overraskande fort. Den nye professoren vår viste seg å vera av den gode sorten, som både var koseleg og flink, men stjerne i margen hadde han ikkje oppnådd heilt endo. Det forandra seg fort då han plutseleg etter pausen meddelte at vi kom til å ha 30-40-50 minuttars pause i forelesninga for å sjå på VM på storskjerm. Og VM blei det.

Fytti, eg har aldri sett VM før eg, men det burde eg verkeleg ha gjort. Det var så UTRULEG spanande at eg ikkje visste kor eg skulle gjere av meg. Heile salen, med over 300 studentar, levde seg inn, og jubelen braut laus då Bjørgen vann med berre nokre sekund. Ein slik lykkerus over at andre har prestert noko idrettsleg har eg aldri kjent før. Det var gøy det.

Etterpå fortsatte forelesningen som vanleg, og eg var framleis levande og nøgd, sjølv om klokka var nærare 15.00 enn 12.00 . Kontraktsrett viste seg å vere veldig spanande, og når vi har ein forelesar som veit å prioritere, vert det enda betre. Giertsen er ein bra kar!

2 comments:

M said...

haha, like da eg høyre! Eg såg når Nordtug tok gull i 30 km i Spikersuppa. Har aldri heller følt slik ei gond kjensle over andres idrettslige seier, og sørlig ikkje i ski :P For ei stemning på innspurten!

Elisabet (: said...

heilt fantastisk:D!