Monday, June 28, 2010

Livsteikn 2



No har det gått 48 dagar sidan eg måtte avslutte det beste året i mitt liv. Det er ikkje slik at eg trur at dette kjem til å vere høgdepunktet i heile livet mitt, og at det berre kan gå nedover frå nå av, men til no kan eg eigentlegpåstå at det har vore det beste året i mitt liv. Aldri før har eg kunna chilla så max, og berre nyte å vere i lag med gode vener, og ikkje ha nokon som forventar at du skal prestere på nokon som helst måte. Det har vore utruleg deilig, og var absolutt det rette valet for meg etter vidaregåande. Nå gjeld det berre å sparke liv i hjernecellene igjen sånn at dei vert klar for jus til hausten.

Eg sit igjen med så utruleg mykje etter året mitt på Solborg; opplevingar,minner,erfaringar og sist men ikkje minst dei FANTASTISK gode venene Solborg har ført med seg. Har blitt så utruleg glad i desse fantastiske skapningane som heldigvis valgte å gå på Solborg FHS. Skjønar ikkje heilt korleis eg har klart meg i 18 år uten dei. Dei er som luft for meg, uten kan eg ikkje leva. Haha, det var klisjé,men det er jo sant. Solborg har hatt husrom for nokre heidundranes brae menneske dette året.

Eg trudde eg kom til å gå rundt i sommar og sippe over at året på Solborg er ferdig, men faktisk har eg ikkje gjort det. Eg gler meg heller til hausten då flesteparten av Solborgfolka flyttar til Bergen for å leve studentlivet for fullt. Det blir så bra når eg,Helle,Gøril og MJ har fått etablert oss skikkeleg i leiligheten vår; det blir SÅ kos!

Skal prøve å oppdatere bloggen framover, eg har blitt litt bloggslapp dette året, men får sjå kva eg kan få til. Ha ein fantastisk dag!


Gojentene!

0 comments: